Den offisielle opninga av Kinsarvik bibliotek i nye lokale våren 2021, vart utsett grunna koronasituasjonen med påfølgjande restreksjonar. Då samfunnet vart “opna” att, blomstra sjukdomen opp lokalt, og opninga kunne framleis ikkje realiserast. No er det om lag 1 år sidan opninga, samfunnet har kome meir i gjenge, -og då vart det både 1-årsfeiring og offisiell opning ved ordførar Roald Aga Haug.
Ordførar opna det heile med ein fin tale om satsinga på biblioteket i distriktet, korleis biblioteket kunne ivareta oppgåvene på ein endå betre måte enn tidlegare, og kor ljose, fine og tenelege lokala hadde vorte. Han la vekt på vitaliseringa av bygget etter at biblioteket og turistinformasjonen hadde kome inn. Det vart òg understreka av både bibliotekbrukarar og turistar som kom inn i lokala under markeringa. Ordføraren avslutta med å overrekka blomar og ei lokal bok om frukthistorie, og erklærte biblioteket for offisielt opna med eit ballongsmell.
Mange å takka
Avdelingsleiar Erika Alnæs fortalde om vegen gjennom planlegging, ombygging og flytting, og avslutta med å takka alle som hadde fått det omfattande arbeidet til å gå så godt, trass alle utfordringane:
- Prosjektleiar Øystein Dyrkolbotn
- Kommunalsjef for Kultur, næring og samfunn Kristian Bondhus-Jensen
- Fylkesbiblioteket v/Sigrid Furnes
- Interiørarkitekt Mette Heimtun
- Vaktmeistrane i Kinsarvik, Yngve Jåstad, Bjørn Magnar Herheim, Inge Ystanes og Håvard Odland Haugen
- Reinhaldar Ewa Jedryczka
- Bibliotekkollegaene Ingvild Kvestad og Åslaug Eikrem Utne
- Lions Club
- Turistinformasjonen ved Helene Olderkjær Lillebø
……og ikkje minst Innbyggjarservice og alle dei andre tilsette på huset som var smidige, positive og tålmodige.
Til biblioteket opna, kom det nokre gåver som vert sett stor pris på. Kinsarvik bygdekvinnelag donerte ein god sum pengar som gjekk til 4 golvlamper, teppe i barneavdelinga, og ein storskjerm til digitale spel i ungdomsavdelinga. Mekjell og Marta Meland gav eplekasser som er monterte på veggen og fungerer godt som dekorasjon og utstilling av biletbøker.
Auka besøkstal
Kultur- og idrettssjef Else Marie Sandal avslutta med å poengtera det viktige med å kombinera estetikk og funksjon. Bibliotek skal invitera inn, og gje rom, oppleving og aktivitet for både unge og vaksne, turistar og fastbuande. “Målet er å romma alle dei ulike målgruppene og dei ulike funksjonane på ein slik måte at me har lyst å koma att, på nytt og på nytt, for biblioteket er ein viktig møteplass, kulturbeite og kunnskapsallmenning, og dei gongene som eg har vore innom her, eller har vore i kontakt, ser eg at det myldrer, det er travelt!”, avslutta ho engasjert.
Deretter vart det sjølvsagt kaffi, epledrikk, marsipankake og mingling i lokala.
Alt i alt er dei tilsette på biblioteket særs godt nøgde med dei nye lokala til bibliotet, og får støtte frå dei tilsette på huset. Det er nok brukarane med på, òg. Besøkstala har auka med om lag 25% for born og 50% for vaksne etter flyttinga, og det i ei tid med korona. Utlånet har auka med om lag 10%. Til hausten er håpet at biblioteket kan tilby fleire arrangement og ta i bruk dei ulike romma oftare og på nye måtar.