Korleis dyrke sjølv og finne matplantar i naturen? Her får du inspirasjonen og tipsa du treng for å setje i gang.

Å få plantar til å gro kan vere ei kjelde til glede og nytte, men kan hende vert ikkje alt vellukka første gongen. Då kan ein spørje ein hageven i Facebook-grupper som «Grønnsakdyrking i Norge» og «Krydderurter – dyrking og bruk».  Mange er i full gang med ny sesong, og for dei som ikkje har starta, går det framleis an å så i mai, skriv Maria Berg Hestad på bloggen sin (mariaberghestad.no). Eller ein kan kjøpe plantar frå hagesenter.

Basilikumplante, foto

Kva med å dyrke dine eigne urter?

Dyrkingstips og urter på ein snurr

Her er tips til nokre vekstar til å starte med (hageselskapetskjokkenhage.no). Plantar treng lys, varme og næring. Ei blandingsjord med kompost som gjødsel kan gi gode levevilkår. Enkelte kommunar betalar ein del av innkjøpssummen og/eller reduserer avgift til renovasjon for heimekompost ute/inne. «Tilskudd til Bokashi»  (bokashinorge.no). Her er ein samtale om kompost og å dyrke eigne krydder til te og anna (Hagespiren på youtube.com).
Urter kan ein dyrke i bed, i krukker og til dømes i pallekarmar. «Din egen urtehage» (roysheim.no). I boka «Villrosene : økologi i hagen» kan ein mellom anna lese om å dyrke urter i ein urtespiral (nb.no). Her er nokre erfaringar med ein slik måte å dyrke på. «Urtespiral ABC» (gryhammer.no).

Forfattaren nemner at brunskogsniglane et nokre av vekstane, og det finst mange råd om korleis gjere den plaga mindre, som å plukke dei og fjerne egga, berre bruke tynne lag med jorddekke og vatne om morgonen og ikkje om kvelden. Her er ei liste over nettstadar med oppskrifter på ulike måtar å redusere snigelplagen på («Tips om brunskogsnegler», google site).

Felles hageglede

Gulrotdyrking, foto

Det finst løysingar for å dyrke, sjølv om du ikkje har eiga hage.

Har ein ikkje hage sjølv, kan andelslandbruk gje enkel tilgang på fersk, kortreist sesongmat, samstundes som bonden får fast inntekt av dyrkinga. Andelslandbruk Norge (andelslandbruk.no). I Vestland fylke har vi sju slike gardar. Parsell- og kolonihagar er populære, og i tettstadar og byar kan ein ha felles «urbant landbruk». Eit nytt spennande tiltak er å dyrke på hustak (mattak.no).

Å finne mat i naturen

I naturen kan vi plukke  friske nye skot frå enkelte plantar, busker og tre. Gjennom historia har menneske funne og gjort seg nytte av ville vekstar til mat og medisin. Då munkar kom til Noreg på 1000-talet, tok dei med seg krydder og andre plantar. «Urtekilden» er ein god nettstad for å lese om korleis vi kan bruke plantar (rolv.no). Her er ein video med tips om fem matplantar som er vanlege (Grønne jenter på youtube.com). Den første er løvetann, der ein kan bruke heile planten. Løvetann som urtekilde (rolv.no). Fleire filmar om mat i naturen kan du finne her (søk med «urter i naturen» på youtube.com). Før ein plukkar noko, må ein vite at ein plukkar rett plante. Du finn ei liste med eit utval bøker her, med smakebitar frå bøkene; «18 guider til mat fra naturen» (nrk.no).

På turen kan vi gjerne finne på kjekke aktivitetar for små og store, som forslaga i denne lista på engelsk «50 things to do before you`re 11 3/4» (nationaltrust.org.uk) eller Den norske turistforeining sine «10 hyggelige uteaktiviteter med barna» (dnt.no) Heldigvis er det er ikkje mykje å vere redd for i naturen, det viktigaste er å passe på at ingen ramlar ut i djupt vatn, sjekke kleda for flått og unngå hoggorm.

Lukke til med hageglede og matauk frå naturen!

Tekst av Helge Skurtveit, Bibliotekutvikling Vestland.
Bilde heading: Viridi Green, Unsplash
Bilda inni: Pixabay


Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close