Det er full vår, og det vert mindre og mindre snø oppover i høgda. No er 2 av dei 3 planlagde dagsturhyttene i Ullensvang opne for bruk. På Hovden (Lofthus) og Teglhaug (Jondal) kan du nyta naturen, utsikten, ro og ikkje minst bøker! Det vert høve til å lesa nynorske barnebøker på dagsturhyttene. I eigne bokhyller har me sett ut ein del bøker som me håpar mange vil få gleda av å lesa i. Kanskje det kan vera ein ekstra motivasjon for dei minste? Vert de ikkje ferdige med boka, kan den lånast på biblioteket seinare, om de ikkje tek turen tilbake til dagsturhytta.

Foto: Else Marie Sandal
Den offisielle opninga av dagsturhyttene kjem seinare!