I samband med den forferdelege krigen i Ukraina, vil me truleg få ukrainske flyktningar til Noreg. Då ynskjer Nasjonalbiblioteket si teneste Det flerspråklige bibliotek (DFB) å tilby fleire bøker på ukrainsk. Denne samlinga er no berre med 350 titlar. Dei ynskjer difor å utvida dette tilbodet så mykje som mogeleg. Den eine måten er å kjøpa inn litteratur frå Ukraina, noko som kan vera vanskeleg no. Den andre er å få i gang ein dugnad der dei oppfordrar folk som har bøker på ukrainsk om å donera bøker til DFB.
Har du, eller kjenner nokon som har bøker på ukrainsk som dei vil donnera til DFB, kan ein levera dei til nærmaste folkebibliotek. Me vil senda dei direkte til DFB. Ynskjer ein å senda dei sjølv til Nasjonalbiblioteket, er adressa Observatoriegaten 1B, 0254 Oslo. Sendinga må då vera merka med «Det flerspråklige bibliotek».
På førehand takk!