Bøker og anna på ukrainsk

I samband med krigen i Ukraina og dei mange flyktningane som har kome til m.a. Noreg, er det stor trong for litteratur på ukrainsk. Kjenner du noko det er aktuelt for, finn du fleire tips om bøker (papir, e-bøker, lydbøker) på ukrainsk.

I tillegg minner me om PressReader med tilgang til aviser og tidsskrift frå heile verda, inkludert Ukraina, sjølvsagt. Det er komplette digitale kopiar av det ein kan kjøpa i papir. Ein går då på biblioteket og lastar ned det ein ynskjer å lesa, så har ein tilgang i 7 dagar til det som er lasta ned, og kor som helst ein er. Tenesta fungerer på operativsystema iOS, Android, Windows 8 og Blackberry 10.