Dei bibliotektilsette anbefaler!

Akkurat som kokker ynskjer å verta inviterte på middag, ynskjer bibliotekarar seg bøker til jol. Men; -får me ikkje bøker, kan me alltids ta ein tur mellom reolane på arbeid.
Men kva les eigentleg dei tilsette på biblioteka i Ullensvang?
Kva for ei bok eller to frå 2021 gjorde mest inntrykk, og kvifor sette ho spor?
Her kan du få svar, og kanskje du får lyst til å låna nokre av dei?

Åslaug på Utne og i Kinsarvik:
Si Ingenting, en sann historie om mord og terror i Nord-Irland av Patrick Radden Keefe
Heilt sidan eg var på 4H-utveksling til Nord-Irland 3 månader i 1995 har Nord-Irland betydd noko ekstra og det er nok derfor eg likar lese om landet og historia der. Kva ligg eigentleg bak konflikta og korleis har folk hatt det opp gjennom åra? Eg møtte mange religiøse problemstillingar der som eg aldri hadde tenkt over før eg kom dit. Det var for eksempel ingen som, sjølv om det var våpenkvile sommaren eg var der, ville ta meg med til Londonderry/Derry, ein av stadane eg hadde høyrt om frå før, dei var redde for å provosere.
The Troubles er nemninga på konflikten mellom protestantiske unionistar og katolske republikanarar i Nord-Irland. Den varte fra slutten av 1960-talet og fram til 1998. Om lag 4000 menneske vart drepne. Eit fåtal av desse var såkalte ‘forsvinningar’.
I 1972 vart enka Jean McConville bortført. Dei maskerte kidnapparane fortalde dei ti borna hennar at ho snart ville koma heim. Fyrst i 2003 vart levningane hennar funne. Ugjerninga har aldri fått noko offisiell oppklaring. I Si ingenting har Patrick Radden Keefe pusla saman bitar av rapportar, vitneutsegn og intervju. Ved sida av historia om Jean McConville og hennar etterlatte, er dette òg eit portrett av Dolores Price, den fyrste kvinnelege IRA-soldaten. Ifølgie boka hadde ho inngåande kjennskap til bortføringa. Gerry Adams, som leia fredsforhandlingane på republikanarane si side, og som heile tida har nekta for sitt IRA-medlemskap, spelar òg ei vesentleg rolle i saka.

Yngvild W. leiar:
Eg klarte ikkje å velja berre ei, for der er mange bøker frå i fjor som eg synest var gode. Men det er vel særleg to av dei som påverka meg og som framleis sit i:

1) The Valley of Lost Secrets av Lesley Parr.
September 1939. Jimmy vert evakuert til ein liten landsby i Wales og det kjennest veldig annleis enn London. Det er grønt, fredeleg og fullt av framande, noko som gjer han ukomfortabel. Men ein dag finn Jimmy ein hovudskalle skjult i eit tre, og plutseleg er landsbyen skumlare enn krigen. Kven kan Jimmy stola på? Veslebroren er for ung, og bestevenen hans har forandra seg. Det dukkar opp ein uventa alliert, ein han aldri trudde han skulle bli ven med. Saman legg dei ut for å finna ut av løyndomene rundt hovuddskallen. Det dei oppdagar, kjem til å forandra både barna og dalen for alltid.
Sjølv om dette er ei bok for barn/ungdom, er det ei nydeleg skrive historie om familie, venskap, og ikkje minst samhald. Dette var ei bok eg slukte og som gjorde at eg til tider hadde ein skikkeleg klump i halsen.

2) Girl in the Walls av A.J. Gnuse
Elise kjenner kvar einaste centimeter av huset ho bur i. Ho veit kva for golvplankar som knirkar, kor hulla i veggane er og kva for delar ho kan gøyme seg i. Det er heimen foreldra lagde til ho, og er det ein ting ho har lært, så er det at ein skal bli heime. Eddie kaller også dette huset for heime. Han er snart tenåring no, og han trur nesten ikkje lenger på jenta han nokon gongar ser i augekroken. Han vil få ho til å forsvinna. Når storebroren hans òg merker ho, må dei finna ut av korleis dei skal bli kvitt nokon dei ikkje ein gong veit om eksisterer.
Då eg plukka opp denne boka, forventa jeg eigentleg å lesa ein grøssar skrive frå spøkelset sitt perspektiv. Men denne historia er langt ifrå ein grøssar, sjølv om den er veldig spennande. Og trist. Og fin. Dette er tipset til dei som kanskje vil ha ein litt annleis spenningsroman fortalt frå eit uventa synspunkt.

Adriana i Odda:
Camilla Läckberg er mest kjend for bøkene i Fjälbacka – serien. No har ho ein ny serie, «Fayes hevn». Det er ein spenningsserie om Faye som hadde alt: ein perfekt ektemann, ei elska dotter og ei luksuriøs leilegheit i den finaste delen av Stockholm. Så mistar ho alt. I tillegg har ho mørke minne fra oppveksten i Fjälbacka, som jagar ho. I løpet av korte månader med dramatiske hendingar, var alt borte – med unntaket av ønsket om hevn.
Den fyrste boka i serien, Gullburet er ein gripande roman om ei kvinne som vert sviken og utnytta, men tek kontroll over sin eigen lagnad.
Vinger av sølv er den frittståande oppfølgjaren til Gullburet, men ein bør ha kjennskap til denne for å få fullt utbyte av Vinger av sølv. I denne boka risikerer Faye nok ein gong å mista alt som ho har kjært.
Eg anbefaler ikkje desse bøkene til Fjälbacka-serien-fans, dersom du ynskjer noko liknande. Dette er ikkje krim, men spenningsromanar om svik, hevn, sterke kvinner og søsterskap.
Les desse og bli kjent med Camilla Läckberg frå ei anna side. Eg anbefaler desse!

Ingvild K på Utne:
Boka som gjorde sterkast inntrykk på meg i fjor, var Shuggie Bain av Douglas Stuart.
Romanen handlar om guten Shuggie Bain, om oppveksten og familien hans. Shuggie vaks opp i arbeiderklassestrøket i Glasgow på 80-talet.
Shuggie bur i ein kommunal bustad saman med mor si Agnes, og søsknene sine. Som forelder ynskjer Agnes det aller beste for seg og borna sine. Ho drøymer om eit hus med ei eiga dør mens ho ser gjennom katalogar og tingar kva som helst som kan lyse opp den grå kvardagen. Noko som går hardt utover trygdepengane, det einaste dei har å leve av.
Mannen forlet Agnes og borna, og Agnes døyver smerta med eit stadig aukande alkoholmisbruk.
Borna forlet henne ein etter ein. Den som held ut til sist, er Shuggie, guten som ikkje finn seg til rette, men som stadig er veldig glad i mor si. På sitt vis tek Agnes vare på stoltheita ved å ta vare på utsjånaden sin med bruk av sminke og litt pynt, slik at ho framstår som ei elegant og glamorøs dame. Men bak fasaden er alt på veg nedover.
Forfattaren av boka heiter Douglas Stuart, og “Shuggie Bain” blir av fleire kritikarar sett på som den store Glasgow-romanen. Boka vart nominert til både
Bookerprisen og National Book Award i 2020. Med eit språk fullt av driv og med omsyn og varme for karakterane i boka, speglar forfattaren ein periode i britisk historie med enorm politisk og samfunnsmessig omveltning.
Dette skjedde under Margaret Thatcher sin periode som president frå 1975-1990.

Erika i Kinsarvik:
Stargate av Ingvild H. Rishøi
Kan ein seia at noko som er trist, sårt og vondt samtidig kan vera vakkert og magisk? Etter å ha lese kortromanen Stargate, trur eg det.
Dette er ei lita perle av ei bok, lese på tampen av året. Ei bok om joletida, lese i joletida. Boka var vakker og trist på ein gong, akkurat som jola er for meg sjølv. Kanskje det var difor den var så sterk å lesa?
Det er ei sår jolefortelling frå vår eiga tid. Nesten som ein moderne versjon av Piken med svovelstikkene. Me møter to systrer på 10 og 16 som veks opp på austkanten i Oslo. Far festar og drikk for mykje i periodar, held for det meste til på den brune pub’en Stargate, og held ikkje på jobbane sine. Døtrene må ta ansvar for far og seg sjølv, og vert vaksne før tida. Dei må selja joletre og grøne dekorasjonar for å få pengar til mat. Men i alt det triste og vonde, har dei draumar og møter solidaritet, kjærleik og håp.
Med denne kortromanen vart Ingvild H. Rishøi nominert til Brageprisen for tredje gong. Ho tek ofte barn og svake sitt parti, og set fingeren på mykje i livet og samfunnet. Ho skriv presist og vakkert, og den vesle romanen vert ein stor roman med mange lag. Trur jammen eg kjem til å lesa den før jol kvart år framover!

Dersom eg skal velja ei bok som ikkje er så joleprega, må det vera Fiskehuset av Stein Torleif Bjella.
Stein Torleif Bjella er kjend som musikar, tekstforfattar og poet, med lun humor og ein god porsjon melankoli. I haust debuterte han som romanforfattar med Fiskehuset. Der møter me den einslege og einsame musikaren og assistentlæraren Jon, som skal arva Fiskehuset til onkel Ivar, -med fiskerett. I motsetnad til den stille, litt såre Jon, er onkel Ivar ein bardus og brysk eldre, snakkesaleg kar som ikkje pakkar inn bodskapen i det han seier. Og han har noko å seia om det meste. Han har ikkje tru på at svigersonene vil ivareta Fiskehuset på ein god måte, og vil testamentera staden til nevøen som han meiner er for dum til å misbruka staden. Vilkåret er at Jon vert med onkelen ei haustveke til Fiskehuset, for å gå gjennom bruken av koia, garnfiske, gamle tradisjonar, og alt som er viktig å vita, og skriva det ned for ettertida. Det vert ei lang, klaustrofobisk og nær uuthaldeleg veke kor Jon stadig får sitt pass påskrive gjennom sarkasme, verbale angrep og velmeinande (?) råd. Og lesaren får gylne episodar fortalt med kjærleik, varme og ikkje minst mykje humor på hallingmål. Eg storkosa meg med samspelet og samtalane mellom dei to. Samtalar om alt frå fisk og eldgamle fisketips til livskunst, musikk og kjærleik. Og så vart det jo ein fin liten twist til slutt.

Olaug i Jondal:
Eg har lese mange bøker i 2021 som kunne vore verd å nemna, men eg vel Noe tapt og noe vunnet av Tara Westover, som kom ut på norsk for eit par år sidan. Det er ein oppvekstroman frå eit lukka mormonar-miljø i USA. Den handlar om korleis eit fanatisk miljø og ein lukka kultur bind menneske saman og gir mange utfordringar i møte med eit større samfunn.
Det er lite som tilsa at Tara Westover, forfattaren av boka, ville enda opp som Harvard-student. Ho vaks opp i fjella i Idaho, på kant med sivilisasjonen, med foreldre som levde i konstant apokalypseberedskap. Borna vart fødde inn i tanken om at endetida var nær. Likevel tok Tara grep for å utdanna seg sjølv. I ein alder av 17, kjem ho inn i eit klasserom for fyrste gong. Kunnskapstørst bringar ho vidare til Cambridge og Harvarduniversitetet, men får ho til å undra seg på kor langt ho har fjerna seg fra røtene sine.