Lesetips for 2022

Me skriv 2022 og vil koma med nokre lesetips du kan ta med deg i tillegg til det andre du vil låna på biblioteket. Ta det som ei utfordring! Kvar månad vil me tipsa om noko annleis gjennom ein sjanger eller eit tema. Du vil då kunne koma til å velja noko du elles aldri ville ha tenkt på, og få nokre fine, overraskande leseopplevingar. Du får alle tipsa her, og me vil hengja opp kvart tips for kvar månad i biblioteka. Når me legg det ut på Facebook, så kommenter gjerne på veggen vår kva du les for tida! Idéen er henta frå Tønsberg og Færder bibliotek. Me på biblioteket vil sjølvsagt hjelpa deg å finna ei bok innan temaet!

Godt leseår!

Januar: Les ei bok utgitt det året du er fødd
Februar: Les ei bok av ein austeuropeisk forfattar
Mars: Les ein klassikar som er utgitt for meir enn 50 år sidan
April: Les ei bok med fuglar på framsida eller i tittelen
Mai: Les ei bok om ein kjent person
Juni: Les ei skeiv bok (handling eller forfattar)
Juli: Les ei bok om reise
August: Prisvinnarar, sjølve boka eller av forfattaren
September: Les ei bok om mat
Oktober: Les ei skrømande bok (frå røynda eller fantasy)
November: Les ei bok som har hatt null utlån
Desember: Les ei veldig tynn eller veldig tykk bok