Har du ynskje om å lesa meir, koma deg bort frå skjermen ei stund, roa ned frå stress og kav, gjera noko nytt? Litterært pusterom (også kalla Delt leseglede) er eit les-lytt-prat-opplegg som byggjer på det populære britiske konseptet Shared Reading. Ein leseleiar, avd.leiar Erika Alnæs eller Inger Dyrnesli, les høgt ei novelle og eit dikt, deretter samtaler ein om opplevingane av teksten. Tekstane vert delt ut ved oppstart. I fyrste omgang er dette for vaksne som kan norsk, men ein treng ikkje vera ein røynd lesar.
Høyrest det tørt og keisamt ut? Det er det ikkje! Det er spennande å lesa nye tekstar, høyra andre sine opplevingar og refleksjonar, -og kanskje får ein eit anna inntrykk av teksten og overføringsverdien til eige liv gjennom samtalen. Kunnskap om forfattaren og tekstanalyse er ikkje eit tema her, berre korleis ein oppfattar teksten og tenkjer om den.
Det er inga førebuing til samlinga, og ikkje press til deltaking i samtalen. Det ein får att, er kjensla av ro, fellesskap og utvikling av medkjensla til seg sjølv og andre. Ein deltakar uttalte “dette var jammen som spa for hjernen!”
Arrangementet varer i ca. 2 timer, er gratis og ope for alle. Gå inn på Kva skjer? https://ullensvangbibliotek.no/kva-skjer/, så ser du tidspunktet for arrangementa.