Etter haustferien vil Kinsarvik bibliotek skipa til strikkekurs for skuleborn etter skuletid. Me vore så heldige og fått ein del garn frå Spar, Kinsarvik, men treng både meir garn og strikkepinnar. Har du noko du ikkje treng og vil gi til biblioteket? Evt. strikkepinnar til låns? Då tek me imot på nærmaste bibliotek, som sender det vidare til Kinsarvik med bibliotektransporten. Slik vil me kunne tilby strikkeopplæring for born/unge. Me startar enkelt med lappar, skjerf eller lue, og kan vidareutvikla det etter ferdigheiter og ynskje. Vert dei ekstra drevne, kan me utvikla det til Strikk og lytt…!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close