BookBites-appen vart stengt 16. august. Den nye appen må du lasta ned på nytt.

Appen er no tilgjengeleg for både IOS- og Android-telefonar.

IOS: App’en er klar i App Store. Søk opp BookBites, last ned og logg inn med din eksisterande konto/brukar.

Android: App’en er klar i Google Play. Grunna forseinkinga med app’en for Android-telefon, vert lånetida på eksisterande lån (frå den gamle app’en) forlenga med 5 dagar. Reservasjonar vert òg med, anten som reservasjonar eller som lån dersom boka/bøkene i mellomtida har vorte ledig(e).

Når appen er installert, vil du sjå at låna frå den gamle er med over i den nye, under føresetnad at du loggar deg inn med din eksisterande konto/brukar. Då må du velja «Er du allerede bruker? Kom i gang. Logg inn» nedst på sida for innlogging.

Førebels er ikkje all omsetjing frå dansk til norsk kome med i den nye BookBites-appen. Det vil koma i seinare versjonar. Sjølv om det er nokre danske ord innimellom, så er det altså rett app! Android-versjonen slit òg med språka, så dersom du har registrert bokmål/nynorsk som språk, og ser at det framleis står på engelsk, så vil dette verta retta etter kvart. Brukarstøtta er lei for barnesjukdomane som har kome med, men arbeider på spreng for å verta kvitt dei.

Me håpar du vert godt nøgd med den nye appen. Den er bygd opp frå grunnen av med nytt design, med m.a. betre yting, sterkt forbetra søkjemotor, sjangerkategoriar, og ny lydbokavspelar. Du kan òg ynskja deg bøker som ikkje finst i appen, slik at bøker med etterspurnad kan kjøpast inn

Er noko uklart, er det berre å ta kontakt med biblioteket, så hjelper me deg!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close