Treng du datahjelp? Har du kjente eller kjære som treng datahjelp? I samarbeid med Ullensvang frivilligsentral, tilbyr me ein til ein-hjelp på biblioteka i Kinsarvik og på Utne. Førebels vert det 3 gongar, men det kan verta meir utover hausten/vinteren. Ein kan få hjelp til smarttelefon, nettprett og/eller pc. Lær om app’ar, min-ID, nettbank, handel på nettet, nettaviser, e-post, sosiale medier, lagring/redigering/sending av bilete, slektsgransking, og mykje meir. Ein treng ikkje vera i to timar, men koma når det passar i tidsrommet som er sett opp.

Utne bibliotek: Måndag 30. august kl 10-12, måndag 13. september kl 10-12, måndag 27. september kl 10-12

Kinsarvik bibliotek: Måndag 30. august kl 13-15, måndag 13. september kl 13-15, måndag 27. september kl 13-15

Me tek sjølvsagt smittevern på alvor, held god handhygiene og avstand.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close