Ullensvang har fått 2 lesekioskar! Kva det er og kor dei er? Det finst no 100 gamle raude telefonkioskar som Foreningen !les og Sparebankstiftelsen DnB har fått verna og finansierer ombygging til lesekioskar. Inni er det bokhyller og bøker. Der kan du låna eller ta bøker utan lånekort. Og har du ei ekstra bok du ikkje treng og tenker andre kan gle seg over, kan du setja den i hylla der. Desse gamle telefonkioskane er særs attraktive, og me er så heldige å ha to att i Kinsarvik. Den eine, som no har vorte til lesekiosk nr 66, står ved innkøyringa til Mikkelparken, og vil ha barnebøker. Me fekk løyve frå Thorbjørn Egner sine etterkomarar til å ha Mikkel rev i det ein vindauget, sidan kiosken står ved Mikkelparken. Den andre, lesekiosk nr 67, står ved oppstillingsplassen til ferja (vis a vis Spar-butikken). Der vil du finna bøker for vaksne. Solcellepanel vil gi straum til ljos, og biblioteket vil stå for påfyll og ettersyn.

Lesekioskane fungerer etter prinsippet TA, GI eller LÅN.

NB! Du kan dessverre ikkje levera inn bøker lånt på biblioteket til lesekioskane!!

Frå telefonkiosk til lesekiosk

Nye lesekioskar i Ullensvang

Mikkel Rev på lesekiosken ved Mikkelparken

I fyrste omgang er det berre nye bøker i kioskane!!

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close