Lån av filmar

Er du glad i å sjå film? Vil du ikkje bruka pengar på å sjå film heima? No kan du sjå film gjennom biblioteka i Ullensvang kommune, dersom du har nasjonalt lånekort! Har du ikkje nasjonalt lånekort, får du det på biblioteket ditt, eller her: https://nb.bib.no/

Filmoteket tilbyr filmar når som helst og kor som helst. Du kan velja blant norske, nordiske, europeiske  og internasjonale titlar som treff både barn, ungdom, familiar, vaksne og seniorar. Spennet er mellom klassikarar, filmatiserte bøker, store Oscar-vinnarar og såkalte blockbusterar (‘storseljarar») til smalare filmar i arthaus/independent-kategorien. Filmane vert plukka ut av Filmoteket si redaksjon og i samarbeid med biblioteka. Ved årsskiftet var det over 1000 filmar tilgjengeleg. Opprett ein profil med lånekortnummeret og PIN-koden din, så er du klar! Her kan du lesa meir om tenesta.  I Ullensvang har du høve til å låna 3 filmar pr. månad, men når du fyrst har lasta ned filmen, kan du sjå den så mange gongar du vil i løpet av 48 timar/2 døger. Du kan strøyme filmane til alle plattformer, i alle dei kjende nettlesarane, og enkelt overføra til større skjerm/ TV via AirPlay og Chromecast.

Filmbib  tilbyr kortfilmar og dokumentarar av nyare dato, men òg fleire filmar som går tilbake i tid. Filmbib har ei unik samling av filmar for både barn og vaksne: animasjonsfilmar, eksperimentelle filmar og humoristiske korte historier. Her er òg historisk interessante, engasjerande og samfunnsaktuelle dokumentarar og mykje meir. Her er det berre å logga seg inn med nasjonalt lånekortnr. og PIN-kode, så er det klart for ei filmstund. Filmbib er tilgjengelig på mobile einingar. Last gjerne ned Filmbib som app til iOS eller Android.