Frå og med måndag 15. februar opnar biblioteka i kommunen att!  Det vert ordinære opningstider og gode smitteverntiltak som før. Me oppfordrar brukarane av biblioteket til å nytta munnbind i lokala våre, noko òg dei tilsette vil gjera. Vegrar du deg for å gå på biblioteket, kan du tinga bøker/lydbøker/filmar til henting, ved å ringa eller skriva til ditt lokale bibliotek!

Kinsarvik bibliotek ventar framleis på godkjenning for å kunne opna. Me held difor fram med takeaway/poseutlån. Ynskjer du å henta bøker/lydbøker/filmar, kan du ringa 476 86 145 eller skriva til kinsarvik.bibliotek@ullensvang.kommune, så finn me fram og set ut til henting.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close