No er me skikkeleg i gang! Ombygging, oppussing og klargjering nærmar seg slutten. Bøker vert pakka systematisk i kasser, vaktmeistrane frakter kassene og stablar, det byrjar å ta form! Lions Club lokalt vil òg bidra, så dette kan gå unna!

Kinsarvik bibliotek skal flytta frå Kjobergbygget til kommunehuset i Kinsarvik, det gamle heradshuset. Det krev mykje arbeid med nedpakking før flytting av inventar (100% gjenbruk) og heile samlinga. Me må difor halda stengt for å arbeida effektivt og opna raskast mogeleg for brukarane. Stenginga gjeld frå måndag 14. desember og inntil vidare. Ny informasjon kjem når me opnar!

Du har høve til å returnera fjernlånte bøker i returskåpet i 2. etg. ved heisen i Kjobergbygget. Har du tinga bøker som kjem, får du beskjed om å kunne henta den/dei same stad.

Alle biblioteka i Ullensvang vil halda stengt jolaften til og med sundag 3. januar, og det er ikkje sikkert det ligg bøker, lydbøker eller filmar under treet… Sjølv om biblioteket i Kinsarvik er stengt, er biblioteka på Utne, Nå, i Odda og Jondal opne som vanleg fram t.o.m. vesle jolaften. Du kan òg låna bøker på utlånsautomaten på Bunnpris på, Lofthus, og i Røldal.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close