Helsebiblioteket.no er ei offentleg teneste for helsepersonell i Norge. Dei kjøper inn oppslagsverk, tidsskrift og databasar og stiller dei gratis til disposisjon for den offentlege helsetenesta. I tillegg samlar dei retningsliner, rettleiarar, skåringsverktøy, pasientbrosjyrer m.m., og samlar og publiserer på eigen nettstad.

Nokre av tenestene til Helsebiblioteket.no er berre tilgjengelege for brukarar som kjem frå kjende IP-adresser. Kommunar, skular og bibliotek er inkludert i avtalane deira, og biblioteka i Ullensvang kommune har fått tilgang ved at me har registrert IP-adressene våre. Du kan til dømes registrera ein personleg brukar på UpToDate dersom du ikkje lenger har tilgang til denne tenesta.

Når helsepersonell kontaktar Helsebiblioteket fordi dei ikke lenger har tilgang til UpToDate, får dei beskjed om at dei kan gå på biblioteket for å registrera ein personleg brukar hjå UpToDate. Her er oppskrifta: https://www.helsebiblioteket.no/helsebiblioteket/aktuelt/tilgang-til-uptodate-fra-1.april-2020

Når ein fyrst har registrert ein brukar hjå UpToDate, har ein tilgang til UpToDate i tre månader uansett kor i verda ein er, før ein igjen må vera på den kjende IP-adressa der ein oppretta brukarkontoen.

Helsepersonell (og andre) har tilgang til Helsebiblioteket sin nettstad og innkjøpte ressurser.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close