Hardingfela.no (satsing eigd av Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet) sette for eit par år sidan i gang «Nøringen – eit kulturskuletilbod for 4-6 åringar» saman med kulturskulane og spelemannslaga i regionen. Temaet for tilbodet er kulturarv med lokal folkemusikk og folkedans som den raude tråden. Nøringen har vore ein stor suksess, og no er ønsket å fylgja opp Nøringen slik at endå fleire får høve til å læra våre lokale folkemusikktradisjonar. Difor har kvedaren Berit Opheim valt ut lokale songar som høver godt for born. Ho har til no sunge inn 25 songar (frå Granvin, Ulvik, Ullensvang og Voss) som ligg fritt tilgjengeleg på Youtube. Lenkje: https://www.youtube.com/channel/UCUYmXAbIswg_LdBTULfBGvQ

Dei skal òg ut nokre dagar til i haust, så dei reknar med at materialet vert kring 50 songar. I innspelingsrunda i haust skal dei m.a. syngja inn songar frå Odda, Kvam og supplera det eksisterande materialet.

Kvar filmsnutt er lagt opp slik at Berit fortel litt om songen, så syng ho heile songen før ho går vidare til å syngja ei og ei line som de kan herma etter. Ho avsluttar med å syngja heile songen. Det vil ikkje ta mange gongane med avspeling av videoen før de og borna kan songen.

Tekstane finn de under kvar video.

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close