Det er framleis litt arbeid som gjenstår, men det nye, flotte biblioteket i Jondal har opna! Etter ein omfattande prosess og mykje arbeid, er det altså i full drift sjølv om noko av samlinga enno er i kasser.
Kombinasjonsbiblioteket vil frametter som før serva både skulen og lokalmiljøet elles. Det er utlån, fjernlån, utstillingar og arrangement, alt etter koronasituasjonen og smittevernreglane. Me håpar du vil vera med på å nytta biblioteket jamleg og setja ditt gode preg på det! Opningstida vert førebels tysdagar: 15-18 og torsdagar 12-16.