No er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. – 7.-klassingar i Ullensvang kommune vera med på den kulaste lesekampanjen i Noreg, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 130 000 barn. Målet med kampanjen er å motivera barna til å lesa så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auka lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

Sommarles.no gjer det gøy å lesa!

– Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les

– Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse og varer fra 1. juni til 31. august

– Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve

– I tillegg til XP, kan barna også gjera seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!

Sjølv om biblioteka er stengde fram til 15. juni, er det fullt høve til å tinga bøker frå biblioteka. Ring eller skriv til ditt nærmaste bibliotek, så avtalar me levering

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close