Har du venta på den store dagen då biblioteket ditt skal opna? No slepp du å venta lenger! Måndag 15. juni opna me! Er du i risikogruppa m.o.t. korona, kan du ringa eller skriva om du ynskjer bøker/lydbøker/filmar levert i pose ved døra.

Opningstidene vert mykje det same i sommar, med desse unntaka: Odda bibliotek held ope til kl 13 laurdagar, Kinsarvik bibliotek til kl 17 onsdagar, Nå bibliotek er stengt frå 1. juli og ut skuleferien, Jondal bibliotek er stengt til august grunna flytting.

Me følgjer smittevernreglane, vaskar overfalter jamleg, har antibac ståande tilgjengeleg ved inngangen, og har skjerm i skrankane. Me håpar brukarane av biblioteka følgjer opp og ventar med å bruka biblioteket dersom ein er forkjøla eller sjuk!

Velkomen tilbake, me har venta på dykk!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close