Ynskjer du å låna bøker, lydbøker eller filmar frå biblioteka i Ullensvang? No har me fått klarsignal for utlån frå måndag 27. april, sjølv om biblioteka framleis må vera stengt fysisk. Kall det Take-away-bibliotek eller hentebibliotek, -du tingar, me finn fram og legg klart til henting i merka pose.

Slik går du fram: Kontakt det biblioteket du ynskjer å låna noko frå, ved å gå inn her: https://ullensvangbibliotek.no/kontakt/. Du kan tinga spesifikke titlar, forfattarar eller t.d. «bøker som liknar på…». Deretter lagar me til ein pose med namnet ditt på, og gir deg beskjed om når og kor posen kan hentast. Me følgjer retningslinene for smittevern og hygiene, og nyttar sjølvsagt hanskar når me handsamar tinginga di. Og du kan vera trygg på at det du låner ikkje har vore i andre hender på meir enn 2 veker.

Biblioteklokala er, utan unntak, fysisk stengt for publikum. MEN: Me tek gjerne i mot bøker og anna du har lånt fram til no! Det går rett i 2 veker karantene. Difor er det viktig med innlevering, då slepp andre å venta 2 veker ekstra på det du har lånt. Biblioteket ditt gir deg beskjed om kor du kan returnera det du har lånt.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close