Vil du læra deg sjakk? No har du høve til å delta på eit online sjakkurs for nybyrjarar! Sjakk & Samfunn arrangerer kurs frå onsdag 6.mai i regi av den internasjonale sjakkmeisteren Joachim B. Nilsen. Kursa er gratis og det er alt no høve for å melda seg på kurset.

Du vil læra om alt frå patt til korleis setja sjakk matt – og mykje, mykje meir! Kurset vil strekka seg over fire veker, og kvart kurs vil vara om lag ein time.

PÅMELDING HER: https://www.sjakkogsamfunn.no/online-kurs/

Kurskveldane vil vera på kveldstid og alt lærestoffet frå kurset vert gjort tilgjengeleg for deltakarane i etterkant.

Kursdatoar:

Onsdag 6. mai kl. 18:00-19:00
Måndag 11. mai kl. 18:00-19:00
Onsdag 20. mai kl. 18:00-19:00
Onsdag 27. mai kl. 18:00-19:00

Etter kvar kurskveld arrangerer Sjakk & Samfunn online turneringar på Lichess for kursdeltakarane. Her kan du testa ut det du har lært og bli kjent med dei andre kursdeltakarane i chatten.

Som ei avslutning på kurset vil Joachim holda ei online simultanoppvisning der han vil spela mot fleire av kursdeltakarane samtidig.

Kurset er som sagt gratis og ope for alle som har lyst til å læra meir om sjakk.

Om kursleiaren Joachim B. Nilsen:

Internasjonal Meister i sjakk med FIDE-rating på 2411 og innehavar av noregsrekorden i simultansjakk – spelte i 2019 mot 269 stykker samtidig på brett i ein simultan som varte i 7,5 timar!

Han har vore aktiv i sjakkmiljøet i 20 år, kor han har undervist i snart 10 år. Han studerer, arbeider og bur i Oslo, men er opphaveleg frå Bergen. Spelar for Offerspill Sjakklubb, underviser aktivt på nett både 1 til 1 og i grupper.

Lukka til!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close