Kjære gamere og vener av gamere!

Me har mange ihuga Minecraft-spelarar i kommunen. I dei komande vekene vil bibliotek over heile landet samarbeida med spelorganisasjonen Bibliogames for å laga online-turneringar for å gje folk eit sosialt speltilbod! Me startar med lokale turneringar der ein spelar går vidare til ein nasjonal finale, bibliotek mot bibliotek.

Alle lånarane i Ullensvang kan vera med i Minecraft byggjekonkurranse, med start 07. april 2020 klokka 17.00. (Finale 14.april 2020 klokka 16.)

Påmeldingsfrist er ved midnatt fyrstkomande fredag, altså 27.mars 2020, så ver rask! Det er gratis å vera med.

Me har ikkje ubegrensa med plassar, så det er fyrstemann til mølla som gjeld.

For meir informasjon og påmelding, sjå denne sida: Minecraft Byggjekonkurranse: (maks. 15 deltakarar)

https://tinyurl.com/rzn8mry

Me veit det er mange flinke Minecraft spelarar i kommunen og me håpar de vert med og forsvarar Ullensvang si ære nasjonalt!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close