Har du ynskje om å lesa meir, koma deg bort frå skjermen ei stund, roa ned frå stress og kav, gjera noko nytt? Kinsarvik bibliotek startar opp med Litterært pusterom! Det er eit les-lytt-prat-opplegg som byggjer på det populære britiske konseptet Shared Reading. Ein leseleiar les høgt ei på førehand utvald novelle og eit dikt (tekstane vert delt ut ved oppstart), så samtaler ein om opplevingane av teksten. I fyrste omgang er dette for vaksne som kan norsk, men ein treng ikkje vera ein røynd lesar. 

Høyrest det tørt og kjeisamt ut? Det er det ikkje! Det er spennande å høyra andre sine opplevingar og refleksjon, -og kanskje får ein eit anna inntrykk av teksten og overføringsverdien til eige liv gjennom samtalen. Kunnskap om forfattaren og tekstanalyse er ikkje eit tema her, berre korleis ein oppfattar teksten og tenkjer om den. 

Det er inga førebuing til samlinga, og ikkje press til deltaking i samtalen. Det ein får att, er kjensla av ro, fellesskap og utvikling av medkjensla til seg sjølv og andre.

Velkomen til ei anna form for høgtlesing på biblioteket! 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close