Onsdag 27. november kjem forfattar og scene-kunstnar Karen Røise Kielland til biblioteket i Ulvik for å snakke om den nye boka si: Å gå med Kølle.

Catharine Hermine Kølle (1788 – 1859) budde på garden Holmen i Ulvik frå 1807. Ho budde saman med faren Christian og sine to yngre søstrer Helene og Ambrosia. Frå ho var trettiåtte år la ho ut på ei rekkje reiser i inn- og utland. Ho både skreiv om og måla det ho opplevde på vegen. Ho er omtala som den første kvinnelege kunstmålaren i landet og samstundes vår første kvinnelege turist. 250 akvarellar og 1850 sider tekst frå reisene hennar, er rike kjelder vi har tilgong til gjennom denne digitale utstillinga.

Den første reisa gjekk til København, der ho ba om hjelp mot «brystplager». Vi veit også at ho fekk råd om «mosjon og havre» frå venen Niels Hertzberg, prost i Ullensvang, som også praktiserte som lege. Om dette var den einaste orsaka til kvifor ho la ut på desse strabasiøse og slett ikkje ufarlege reisa, kan ein kan hende finne delar av svaret på i kjeldene.

Gå inn i den digitale utstillinga til Universitetsbiblioteket og Universitetsmuseet i Bergen, og gjer deg opp di meining om kva som dreiv pioneren Catharine Hermine Kølle. Ustillinga er delt inn i tekstar, bilder, reiser, tankereiser m.m. Den gjev eit unikt innblikk i det særeigne livet til Kølle, men også til samtida ho levde i.

MARCUS er Spesialsamlingene til Universitetsbiblioteket i Bergen sin portal. Der finn du digitaliserte manuskript, fotografi, diplom med meir. Nettstaden er kalla opp etter Marcus Selmer, den første fotografen i Bergen.


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close