eBokBib, det utlånssystemet vi har no, vil bli avvikla i løpet av 2019, og vi må ta i bruk eit nytt system. Det nye systemet heiter Bookbites. Vi vil gjerne at brukarane våre skal få vere med å påverke utviklinga av utlånssystemet for e-bøker.

Vil du hjelpe oss med å teste Bookbites?

I så fall er det deg vi er på jakt etter. Det har kome ein ny utlånsapp på marknaden, og vi trur han kan ha nokre fordelar for e-bokbrukarane. Vi har bestemt oss for å tilby to ulike leseplattformer (appar) fram til sommaren 2019.

Den nye appen heiter Bookbites. Du lastar han ned frå AppStore eller GooglePlay. Første gongen du skal logge inn må du opprette ein brukar og legge inn biblioteket ditt, men når det er gjort er det like enkelt å låne bøker i Bookbites som i eBokBib.

Bookbites har funksjonar som skal støtte opp under den gode leseopplevinga, og motivere deg til å lese vidare. Appen har også integrerte hjelpemiddel for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi.

Vi kjem til å lage utstillingar du kan finne i Bookbites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med nominerte bøker til litterære prisar, eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket ditt.

Dersom du allereie les e-bøker, eller har lyst til å prøve dette, er det berre å setje i gang. Vi vil setje stor pris på om du gjev oss nokre ord om kva du synest fungerer bra og kva du ikkje er nøgd med. Du kan anten seie noko om dette til dei tilsette på biblioteket ditt, eller sende nokre ord i ein e-post til kari.skibenes@hfk.no.

Eventuelle innspel frå brukarane vil bli vidareformidla til utviklaren, og bidra til at systemet vert best mogleg.

Gå til Youtube for å sjå ein video om korleis du kan kome i gang med Bookbites.

Å nei, ikkje eit nytt system no igjen!

Slapp av! Dersom du liker å lese e-bøker, men ikkje liker å byte system, kan du bruke eBokBib ei stund til.