Litteratursymposiet er rett rundt hjørnet. 11. – 15. oktober braker det laus i Odda. Billett-salet er opna både på nett og over disk på Odda bibliotek.

Årets tema er Kapital. Dette skriv dei om temaet på nettsida:

I 2017 er det 100 år sidan den russiske revolusjonen, og 500 år sidan reformasjonen. Det er stortingsval, og stor usikkerheit knytt til korleis verdsøkonomien vil utvikle seg dei komande åra. Dette vil vere bakteppet for symposiet.

I kraft av å vere menneske vert vi prega av kapitalen kvar einaste dag. Sosiale ulikskaper og forskjellsskapande mekanismar er litterært svært aktuelt. Både kapitalistar og fattige åleinemødrer er godt skildra i litteraturen, det same er ulikskaper mellom kjønn og klasser. Innan krimen finst dessutan sjangeren finansthriller.  
På same vis om den økonomiske kapitalen kan aukast gjennom gode disponeringar, kan humankapitalen styrkast gjennom utdanning og opplæring, og bøker og debatt. Kanskje kan littsymp bidra til å auke humankapitalen?

Programmet finn du her (pdf)

Sjå også www.litteratursymposiet.no/

Grafisk element. KruneGrafisk element. Hovudplagg for narren.