Tenesta heiter PressReader og gir deg nye aviser og tidsskrift i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin.

PressReader gir tilgang til over 6000 aviser og magasin frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

Er du hekta på eller skremd av amerikansk politikk? Her finn du gode nyhetskilder. Du kan sikkert også finne «fake news» om det er det du vil ha …

Har du ein hobby? PressReader har magasin om foto, hage, helse, historie, mat, teknologi, vitskap og mykje, mykje meir.

Vil du lære eit nytt språk? Her finn du massevis av aviser og magasin du kan lese.

Saknar du lesestoff på morsmålet ditt? Det vil overraske oss om du ikkje finn noko av interesse i PressReader.

På biblioteket

Bruker du ei av biblioteket sine datamaskinar, eller eigen maskin på biblioteket sitt nett, vil du finne tenesta på https://www.pressreader.com/. For mobile einingar finst det ein app du kan laste ned gratis frå App Store eller Google Play.

Du må vere pålogga i biblioteket for å få tilgang til PressReader, men etterpå kan du laste ned og lese aviser og tidsskrift heimefrå i inntil 72 timar.

Rettleiing

Her kan du laste ned ei brukarrettleiing (pdf)
Her finn du ei enkel brukarrettleiing på fleire språk
Her finn du filmar med rettleiing på engelsk


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek