Personvern

Informasjonskapslar (cookies) på nettstaden

Vi nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Føremålet er å gjere brukaropplevinga betre for deg og gje oss høve til å forbetre tenestene våre. Informasjonskapslane lagrar mellom anna informasjon du legg inn og vil at nettsida skal hugse (t.d. brukarnamn, passord), slik at du slepp å skrive det inn kvar gong du vitjar nettstaden.

Informasjonskapslar er små tekstfiler som vert plasserte på datamaskina din når du vitjar ei nettside.

Rettsleg grunnlag

Det rettslege grunnlaget for bruk av informasjonskapslar er GDPR artikkel 6 nr 1f), som tillet handsaming av opplysingar som er naudsynte for å ta i vare ei rettkommen interesse, som veg tyngre enn omsynet til personvernet for den enkelte. Interessa er å forbetre tenestene våre.

Opplysingar som vert registrert

Vi lagrar ikkje informasjon som gjer at vi kan identifisere deg som person.

Dersom du vitjar denne nettstaden, så samlar vi likevel inn avidentifiserte opplysingar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics og Piwik. Avidentifisering inneber at ingen kan nytte opplysingane til å identifisere enkeltpersonar. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som nyttar ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva for nettstadar brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som vert nytta.

Opplysingane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Vi samlar inn heile IP-adressa, men berre dei tre første gruppene i adressa vert brukte til å generere statistikk. Dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå. Det vil seie at alle data vert slått saman til éi gruppe, og ikkje behandla individuelt.

Informasjonen som vert generert av ein informasjonskapsel ved bruk av nettstaden, vert sendt til Google og lagra på serverar i USA. Opplysingane er underlagt Google sine retningsliner.

Innebygt innhald

Sider og artiklar på denne nettstaden kan ha innebygt innhald (t.d. videoar, bilete, deling i sosiale medium) frå andre nettstader. Slikt innhald vil fungere som om du var på den andre nettstaden. Desse andre nettstadene nyttar truleg også informasjonskapslar som samler data og sporer deg.

Du kan verne deg mot informasjonskapslar

Du kan velje nei-alternativet i varselet vårt om bruk av informasjonskapslar. Konsekvenser av det kan vere at nettstaden ikkje alltid vil fungere som den skal, og at vi ikkje får statistikk på grunnalg av vitjinga di. Statistikk er ein viktig del av grunnlaget vi nyttar for å forbetre tenestene våre.

Eg har ombestemt meg, og vil velje på nytt.

 

Alle nettlesarar gjer det mogleg å begrense kva informasjonskapslane kan gjere. Dette kan du stille inn under sikkerheit og personvern i nettlesaren sine innstillingar. Nettlesaren lar deg også sjå over dei informasjonskapslane som er lagra på datamaskina, og gir deg høve til å slette dei. Dersom du ønsker å blokkere Google Analytics frå å spore deg, kan du nytte Google sitt nettlesar-tillegg: Google Analytics Opt-out Browser Add-on.

nettvett.no kan du få tips til sikrare bruk av internett.