Det er 200 år siden Eilert Sundt blei fødd. Han vart kalla sosiologiens far grunna sin nybråttforskning av folk flest i by og i bygd. På sine reiser registrerte han korleis folk budde og arbeidde, kva dei hadde for skikkar og tradisjonar, intervjua både gamal og ung og kikka godt etter i saumane for å finne årsaker til demografiske, kulturelle og religiøse forskjeller.

200 år er ingenting for ein vitenskapelig retning som kanskje aldri stått sterkare enn den gjer no, ettersom vi studerer oss sjølv meir enn nokon gong. Og om du er interessert i notida kan fortida vere ein god plass å byrje. Du kan lese meir om byggeskikker, romantisering av stabbur og nattefrieri i utstillinga på biblioteket i Kinsarvik. I lys av utstillinga har vi fronta nye og gamle bøker som enten kan seie noko om fortida eller gi deg meir kunnskap om korleis verda heng saman idag.

Utstillinga er laga av Nasjonalbiblioteket.