Helsebiblioteket

Helsebiblioteket.no gjev samla tilgang til ei rekke ressursar som gjev helsepersonell og innbyggjarar kvalitetssikra og oppdatert helseinformasjon.

For helsepersonell

Her finn du fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrift og andre kunnskapsressursar for helsepersonell. Mykje av dette er betalingsressursar helsebiblioteket.no har kjøpt tilgong til. Om du vil vite meir om kva for ressursar det gjeld, og korleis du kan få tilgong til dei ressursane som ikkje er opne for alle, sjå http://www.helsebiblioteket.no/om-oss/oversikt

For pasientar og pårørande

Dei fleste av oss vil ein eller annan gong i livet vere pasient eller pårørande. I helsebiblioteket.no finn du oppdatert informasjon om mange ulike lidingar, skriven for desse målgruppene.