Ullensvang Bibliotek

Bruk biblioteket – me er der for deg!

KINSARVIK BIBLIOTEK

Adresse

2. høgda i Kjobergbygget, Kinsarvik

Telefon

476 86 145

E-post

kinsarvik.bibliotek@ullensvang.herad.no

Opningstider

Måndag: 12:00 – 16:00
Tysdag:  12:00 – 16:00
Onsdag: 12:00 – 19:00
Torsdag:  12:00 – 16:00

UTNE BIBLOTEK

Adresse

Utne sentrum

Telefon

53 66 69 28

E-post

utne.bibliotek@ullensvang.herad.no

Opningstider

Måndag: 10:00 – 17:00
Torsdag: 12:00 – 18:30

NÅ BIBLIOTEK

Adresse
5776 Nå
Rett nord for sentrum

Telefon
468 58 096

E-post
naa.bibliotek@ullensvang.herad.no

Opningstider
Tysdag: 15:00 – 19:00

Ullensvang bibliotek består av Kinsarvik bibliotek, Utne bibliotek og Nå filial, alle i sentrum av stadnamnet sitt.

Kinsarvik bibliotek finn du i 2. høgda over Spar-butikken, Utne bibliotek i det gamle ærverdige bankbygget, og Nå filial rett nord for Spar-butikken. I tillegg finn du ein sjølvbetjent utlånsstasjon på Bunnpris-butikken på Lofthus.

Biblioteket er ein av dei trivelege sosiale og kulturelle møteplassane våre. Her finn du materiell til det meste: informasjon, inspirasjon, studie, draumar, ettertanke og underhaldning -og det er heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å lesa aviser og tidsskrift, ta ein kaffikopp, gjera lekser, spela spel, sjekka e-post og surfa på internett.

På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, språkkurs, filmar og pc-spel. Det me ikkje har, prøver me å skaffa gjennom fjernlån frå andre bibliotek -utan kostnad for lånaren. Me har depot av bøker på ulike språk, alt etter kva som er aktuelt, t.d. arabisk, somali, tigrinja, amharisk og polsk.

Den totale samlinga til Ullensvang bibliotek ligg i katalog på internett, så du kan søkja blant det me har i bokbasen (sjå link). Du kan òg gå til Mappa mi, ein sjølvbetjent lånaradministrasjon der du kan tinga eller forlengja låna dine.

I Kinsarvik og på Utne har me samlingar med lokalhistorisk litteratur. Dei ligg òg i katalogen.

Me har trådlaust nett på alle biblioteka. I tillegg har du høve til å setja deg ned og nytta ein av publikums-pc’ane, eller spela wii.

Med jamne mellomrom skipar me til arrangement av ulike slag for born, unge, vaksne og eldre. Det kan vera teaterframsyning, eventyrstund, bokprat, forfattarbesøk, kåseri om aktuelle tema, m.m. Følg med på komande arrangment under «Kva skjer» på hovudsida.