Jondal Bibliotek

Bruk biblioteket – me er der for deg!

Jondal skule, Vik 7, 5627 Jondal

}

Opningstider

Tysdag og torsdag 14.00 – 17.30

Jondal bibliotek ligg på Jondal skule. Ein nyttar inngangen ved vestibylen for å koma inn på biblioteket som ligg i nord-fløyen.

Biblioteket er ein av dei trivelege sosiale og kulturelle møteplassane våre. Her finn du materiell til det meste: informasjon, inspirasjon, studie, draumar, ettertanke og underhaldning -og det er heilt gratis! Folk i alle aldrar kjem for å lesa aviser og tidsskrift, gjera lekser, spela spel, sjekka e-post og surfa på internett.

På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker, språkkurs og filmar. Det me ikkje har, prøver me å skaffa gjennom fjernlån frå andre bibliotek – utan kostnad for deg …

Den totale samlinga til Jondal bibliotek ligg i websøket vårt, så du kan søkja blant det me har i bokbasen Du kan òg gå til Mine sider, der du kan tinga eller forlengja låna dine.

Me har ei samling med lokalhistorisk litteratur. Den ligg òg i websøket.

Me har trådlaust nett på biblioteket. I tillegg har du høve til å setja deg ned og nytta ein av publikums-pc’ane.

Med jamne mellomrom skipar me til arrangement av ulike slag for born, unge, vaksne og eldre. Det kan vera teaterframsyning, eventyrstund, bokprat, forfattarbesøk, kåseri om aktuelle tema, m.m. 

Biblioteka har òg tett samarbeid med barnehagen, skulen og flyktningetenesta.