Når:
26. april 2019@19:00-20:00
2019-04-26T19:00:00+02:00
2019-04-26T20:00:00+02:00
Hvor:
Gløyp Spiseri
5780 Kinsarvik
Pris:
Gratis
Kontakt:
Erika Alnæs
47686145

Ullensvang bibliotek arrangerer ein spennande samtale på Gløyp Spiseri, med tittel «Familielivets kår i ei uroleg tid».
Marit Eikemo og Hilde Danielsen kjem og samtalar rundt dei usynlege, men sterke normene som omgir familielivet, og det intensive foreldreskapet som dominerer vår tid.

Det vert fødd få barn i vår tid. Dette får dramatiske konsekvensar for samfunnet. Kva skjer med det kollektive perspektivet, når det stadig vert fokus på det individuelle bornet sitt sjølvrealiseringsprosjekt? Skapar dette prestasjonsangst og press? Og korleis lærer ein borna til å bidra i det sosiale fellesskapet i tillegg til det aukande fokuset på realisering av sitt eige potensial og draumar?

I forfattar Marit Eikemo sine to siste romanar Gratis og uforpliktande verdivurdering og Alt inkludert tek ho mellom anna opp temaet familielivet sine villkår og konsekvensane som følgje av foreldra sine val. Hilde Danielsen, forskar ved Rokkansenteret, har gjennomgåande interesse for tema som familieliv, kjønn og likestilling, tilhøve mellom velferdsstaten og borgarane, og om korleis endring skjer. Det intensiverte foreldrerolla spelar inn her.

Dei vil samtale om dei usynlege, men sterke normene som omgir familielivet og det intensive foreldreskapet som dominerer vår tid. Dei vil sjå på ulike problemstillingar knytt opp mot foreldrerolla – der borna i aukande grad står i sentrum for familielivet.

Arrangementet er støtta av Fritt Ord.

Gratis inngang.

Det er høve til å kjøpa seg noko godt å eta eller drikka!