Når:
21. mars 2019@19:00-20:00
2019-03-21T19:00:00+01:00
2019-03-21T20:00:00+01:00
Hvor:
Odda bibliotek
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kari Skibenes
489 90 341

Vil du vite meir om korleis du kan få til enkle, gode og oppbyggande kosttiltak i kvardagen? Og om korleis matvanane dine påverkar deg på godt og vondt? I dette føredraget får du tips om det viktigaste grunnlaget for gode kostvaner. Her kan dei fleste ha noko å henta.

Ragnhild Lekven Fimreite er klinisk ernæringsfysiolog, med hovudfag (cand.scient) i klinisk ernæring frå Universitetet i Oslo, 1999. Ho har lang klinisk erfaring frå sjukehus, pasientrettleiing og undervisning. I tillegg har ho brei erfaring med kurs- og føredragsverksemd innan helsefremmande livsstil. Ho arbeider no ved Haukeland Universitetssjukehus, Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter og driv nettsida ernæringsfysiolog.no

Omtalen er henta frå Fjell folkeboksamling, som har hatt dette føredraget hausten 2018.

Dagen i dag er sett av til helseinformasjon her i Odda bibliotek. På dagtid kjem Sigrun Espelien Aasen frå Folkehelseinstituttet og gir eit kurs i helsebiblioteket.no for tilsette i kommunal helsesektor, barnevern, psykiatri, lærarar i helsefag og bibliotektilsette i heile Hardanger-regionen.

helsebiblioteket.no kan du finne meir informasjon om