Når:
21. mars 2019@12:00-14:00
2019-03-21T12:00:00+01:00
2019-03-21T14:00:00+01:00
Hvor:
Odda bibliotek
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kari Skibenes
489 90 341

Korleis kan vi vite at helseinformasjon på nett er fagleg forsvarleg og av god kvalitet?

Sigrun Espelien Aasen frå Folkehelseinstituttet guidar oss gjennom jungelen av helseinformasjon på nett. Seminaret er nyttig for alle som må finne svar på konkrete helsespørsmål, og som i sitt arbeid rettleiar andre i bruk av viktige kjelder vi har tilgang til innan medisin og folkehelse.

Helsebiblioteket.no gir gratis tilgang til fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrifter og andre kunnskapsressurser for helsepersonell. Portalen omfatter også Nyttige verkty og påliteleg helseinformasjon for pasientar og pårørande.

Målgruppe for kurset

Tilsette i bibliotek, kommunal helsesektor, barnevern, psykiatri og lærarar i helsefag i heile Hardanger-regionen.

Meir om Helsebiblioteket.no

Mykje av innhaldet i Helsebiblioteket er tilgjengeleg for alle som bur i Noreg, men ein del er berre for helsepersonell. For å få tilgang til alt innhaldet, må du registrere deg, og logge deg på Helsebiblioteket.no.

Helsebiblioteket.no driftes i Folkehelseinstituttet og finansieres over statsbudsjettet.

Andre arrangement

Dagen i dag er sett av til helseinformasjon her i Odda bibliotek. På kveldstid kjem Ragnhild Lekven Fimreite og held føredrag om kosthold og psykisk helse. Dette arrangementet er for alle som er interesserte i temaet.