Når:
19. november 2019@19:00-20:00
2019-11-19T19:00:00+01:00
2019-11-19T20:00:00+01:00
Hvor:
Kinsarvik bibliotek
Kinsarvikvegen 27
5780 Kinsarvik
Pris:
Gratis

Det er mykje fokus på klima, miljø og natur for tida, -med rette. Og i takt med dei globale miljøproblema, pøver filosofar verda rundt, å koma med ein heilskapleg miljøetikk. Me har vore så heldige å få tak i Sigurd Hverven  (doktorgradsstipendiat i filosofi ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) i Trondheim). I 2018 gav han ut boka Naturfilosofi, der han argumenterer for at naturen har ein eigenverdi. Han viser begrensningane ved eit menneskesentrert syn på verda, der naturen vert sett på som ei samling «ressursar». Det gjer han jordnært og i eit språk som gjer emnet tilgjengeleg for lesarar utan studiepoeng i filosofi.

Ein del set Hverven i sporet etter Arne Næss. Dagbladet sin bokmeldar Fredrik Wandrup skriv at boka Naturfilosofi «Gjør filosofi great again», medan Benjamin Yazdan, i Bokvennen litterær avis, hevdar at boka Naturfilosofi er «en av årets kanskje viktigste akademiske utgivelser».

TIPS: Høyr Sigurd Hverven snakka om Naturfilosofi i podcasten “Verdipodden”!

Det er høve for å kjøpa boka hans og betala kontant eller med Vipps.

Arr. er ein del av Bokåret 2019 og er skipa til i samarbeid med Hardangerbiblioteka og Voss bibliotek

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close