Når:
3. september 2019@17:30-18:30
2019-09-03T17:30:00+02:00
2019-09-03T18:30:00+02:00
Hvor:
Kinsarvik bibliotek
Kinsarvikvegen 27
5780 Kinsarvik

31. august er Sommarles 2019 over. Då vert det avslutning på biblioteka! I Kinsarvik får dei i 1.-7. klasse på austsida av fjorden ei oppsummering av Sommarles, utdeling av diplom og trekning av ekstra hovudpremiar. I tillegg vert det ei forestilling med og av Adele Lærum Duus:

Oldefars ulveskinnspels

I Oldefars ulveskinnspels får du vera med forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus inn på oldefar sitt gamle legekontor. Du får kjenna lukta av mystisk medisin og prøva dei gamle legeinstrumenta! Dersom du er heldig, kan du òg få litt lindrande behandling, eller kanskje ein aldri så liten amputasjon eller to? Framsyninga byggjer på Adele si biletbok ved same navn. Elisabeth Moseng har laga illustrasjonane.

Adele Lærum Duus er skodespelar, figurspelar, forfattar og litteraturformidlar. Ho er cand.philol. i litteraturvitskap og driv sitt eige vesle teater- og litteraturformidlingsfirma: «Lys levende Adele», der ho særlig har barn som målgruppe. Ho har base i Bergen, og har reist rundt i Sør-Norge med sine framsyningar og formidlingsopplegg sidan 2005.

Av og med: Adele Lærum Duus
Regi: Annicke Gill
Musikk: Hallvard Lærum

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close