Har du høyrd om Verdensbiblioteket?

På Verdensbiblioteket finn du e-bøker og lydbøker på fleire språk, som er tilgjengelege for strømming gjennom tenesta.

Fri og ubegrensa strømming

Du kan strømma så mykje du vil. Det er ingen begrensningar for kor mykje du kan nytta tenesta.

Kven har tilgang?

Tenesta er ope for alle i Noreg. Du må gå innpå sida frå ei norsk IP-adresse, og må oppretta ein brukar og logga inn for å få tilgang til innhaldet.

Å oppretta ein brukar er gratis, og krev berre at du har ei gyldig e-postadresse.

Språk

Det finst e-bøker og lydbøker på arabisk, tigrinja, persisk, somali og bosnisk/kroatisk/serbisk i Verdensbiblioteket. Desse språka er valt fordi det elles er vanskeleg for folkebiblioteka å kjøpa inn e-bøker på dei språka.

Kven står bak Verdensbiblioteket.no?

Tenesta er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom nasjonalbiblioteka i Norge, Sverige og Danmark, støtta av Nordisk Ministerråd. Nettstaden vert drifta i fellesskap av dei skandinaviske nasjonalbiblioteka. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for Verdensbiblioteket.no.

Kor finn eg vanlege bøker/andre språk?

For informasjon om Nasjonalbiblioteket sine andre tilbod på innvandrerspråk, sjå Det flerspråklige bibliotek.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close