Granskingsdokument

Boligplattforma «Alexander L. Kielland» kantra 27. mars 1980 då eitt av fem bein på plattforma vart rive av i høg sjø.  Det var 212 personar om bord, og 123 av dei omkom. Ulykka skjedde på Ekofiskfeltet i Nordsjøen (gjengitt frå Arkivverket; kilde: snl.no).

Arkivet etter granskingskommisjonen for Alexander L. Kielland-ulykka vert oppbevart i Arkivverket og er på 2,6 hyllemeter. I sommar har Arkivverket digitalisert og publisert heile arkivet. 20 660 sider er gjort fritt tilgjengelege på nett.

«Å gjøre hele kommisjonsarkivet digitalt tilgjengelig for alle har vært et møysommelig, men nødvendig arbeid. Dette er viktig dokumentasjon av en alvorlig hendelse i norsk historie, og Arkivverket ønsker å bidra til åpenhet rundt ulykken og det etterfølgende arbeidet», seier avdelingsdirektør Tom Oddby i Arkivverket.

Arkivet etter granskingskommisjonen for Alexander L. Kielland-ulykka omfattar alt grunnlagsmaterialet som låg bak NOU 1981:11. Kommisjonen vart sett ned allereie dagen etter ulykka, og starta arbeidet den 30. mars 1980. Arkivet bidreg til innsikt i arbeidet til kommisjonen. Det dokumenterer ulykka og redningsarbeidet i detalj. Arkivet dokumenterer også kva for data kommisjonen hadde, som grunnlag for konklusjonane dei trakk.

Sjå dokumenta frå granskinga av Alexander Kielland-ulykka på digitalarkivet.no.

Viktige hendingar

Under vignetten «Hendelsen» går Nasjonalbiblioteket inn i viktige hendingar i noregshistoria. Kva for ringverknadar skapte dei, og kvifor held nokon hendingar fram med å vere viktige langt utover sin tid?

Arrangementet om Alexander Kielland-ulykka var første arrangement i denne serien. Professor Marie Smith-Solbakken, journalist Tommas T. Skretting og pårørande og mangeårig leiar for støttefondet Kiellandgruppen, Kian Reme, samtalte med nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre om hendinga som trakk Nordsjøen inn på det norske fastlandet.

Strøyma arrangement frå Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket har eit interessant program med hyppige arrangement. Mange av dei vert strøyma, slik at det er mogleg å få med seg mykje sjølv om ein ikkje er i Oslo.

Du finn oversikt over arrangementa på Nasjonalbiblioteket sin nettstad. Bla ned på sida for å melde deg på nyhendebrevet deira, om du vil få med deg kva som skal skje framover.

 

Foto av Norsk Oljemuseum – henta frå Wikimedia Commons.


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close