Uroa og trist over plasten i havet? Du er ikkje åleine. Bli med og gjer ein skilnad.

Gjer ein skilnad

Stranda kvalar fulle av plast i magen. Øyer av endelaus plast langt ute i hava våre. Skremmande meldingar om område med øydelagd havbotn og mikroplast i fisk og havdyr. Ikkje rart at mange er uroa over forsøplinga av havet. Ein kan kjenne seg både trist og makteslaus over situasjonen. Den gode nyhenda er at du kan gjere noko. Du kan hive deg med alle dei som er på ryddedugnaden i vårdagane i fjøra i heile landet vårt. Akkurat no er det ekstra viktig! Du kan vere med å gjere hekketida for fuglane trygg utan det farlege søppelet dei kan få i seg eller setje seg fast i.

Kva er miljøstatus der eg bur?

Kva dyr og plantar, forureining, støy og natur finst der eg bur? Miljøstatus.no visar korleis det står til med miljøet, kva som verkar inn på det og kva vi kan gjere for å sikre eit godt miljø i Noreg. Fleire offentlege etatar med miljøansvar står bak, mellom anna Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Statens strålevern. Miljøstatus inngår også i eit internasjonalt nettverk av rapportering om miljø. På Miljøstatus.no finn du artiklar om ei rekkje tema kring miljø. Ressursen er basert på opne data, slik at alle kan bruke dei nyaste datasetta. Tekst og figurar kan brukast fritt, så lenge ein visar til «Kjelde: Miljøstatus.no». Med mobilkarta frå Miljøstatus kan du finne geografisk miljøinformasjon i heile Noreg, inkludert Svalbard. Last ned appen Miljøstatus og få kart som er tilpassa mobil og lesebrett, eller sjå karta i nettlesaren via https://mkart.miljostatus.no/#kartSide  

Det sårbare havet

Les om forsøpling av havet på Miljøstatus.no. Artikkelen omfattar filmar og statistikk som gir deg innblikk i tilstand, konsekvensar, kva som verkar inn og aktuelle tiltak.  

Medveten forbrukar

Under tiltak kan du mellom anna lese om kor viktig det er med kjeldesortering for å unngå at enno meir søppel hamnar på avvege i hava våre. Framleis er til dømes bomullspinnar noko av det ein finn enorme mengder av på strendene. Du kan også ta ansvar ved å vere ein medveten forbrukar, som sjekkar innhaldet på varane du handlar. Er dei miljømerka? Er det mogleg å sjekke innhaldet i det heile tatt? Inneheld produktet heilt unødig plast – anten i ørsmå partiklar som ein kan finne i kosmetikk og klede, eller er det noko som er innpakka i stor og unødig emballasje?

Vårdugnaden er no

Under tiltak finn du også informasjon om strandrydding. At det hjelper å rydde er det ingen tvil om. Når den synlege plasten blir fjerna frå naturen, gjer vi det automatisk enklare for fuglar og dyr og overleve nok ein vår. Frå 29. april til 5. mai er det strandryddeveka, og laurdag 4. mai er den nordiske strandryddedagen. Ein rekkje organisasjonar, bedrifter og privatpersonar engasjerer seg i ryddinga, og du kan vere med. Hold Norge Rent  er ein ideell organisajon som arbeider mot forsøpling. På Ryddeportalen deira kan du finne ein ryddeaksjon i nærleiken av deg, eller opprette ein ny aksjon. Her finn du også gode tips om utstyr og avfallshandtering, i tillegg til skjema for å registrere funn etter ryddinga. Bli med du også og ha ein god strandryddedag!     Bilde øvst: Cristian Palmer, Unsplash Bilde nedst: John Cameron, Unsplash

Kva er miljøstatus der eg bur? Kva dyr og plantar, forureining, støy og natur finst der eg bur? Miljøstatus.no visar korleis det står til med miljøet, kva som verkar inn på det og kva vi kan gjere for å sikre eit godt miljø i Noreg. Fleire offentlege etatar med miljøansvar står bak, mellom anna Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Statens strålevern. Miljøstatus inngår også i eit internasjonalt nettverk av rapportering på miljø. På Miljøstatus.no finn du artiklar om ein rekkje tema kring miljø. Ressursen er basert på opne data, slik at alle kan bruke dei nyaste datasetta. Tekst og figurar kan brukast fritt, så lenge ein visar til «Kilde: Miljøstatus.no».

Med mobilkarta frå Miljøstatus kan du finne geografisk miljøinformasjon i heile Noreg, inkludert Svalbard. Last ned appen Miljøstatus og få kart som er tilpassa mobil og lesebrett, eller se karta i nettlesar på mobilkart.miljostatus.no.

Det sårbare havet: Her er ein artikkel om forsøpling av havet, med filmar og statistikk som gir deg innblikk i tilstand, konsekvensar, kva som verkar inn og tiltak; https://www.miljostatus.no/tema/hav-og-kyst/forsopling-avhavet/

Medveten forbrukar: Under tiltak kan du mellom anna lese om kor viktig det er med kjeldesortering for å unngå at enno meir søppel hamnar på avvege i hava våre. Framleis er til dømes bomullspinnar noko av det ein finn enorme mengder av på strendene. Du kan også ta ansvar ved å vere ein medveten forbrukar, som sjekkar innhaldet på varane du handlar. Er dei miljømerka? Er det mogleg å sjekke innhaldet i det heile tatt? Inneheld produktet heilt unødig plast – anten i ørsmå partiklar som ein kan finne i kosmetikk og klede, eller er det noko som er innpakka i stor og unødig emballasje?

Vårdugnaden er no. Under tiltak finn du også informasjon om strandrydding. At det hjelper å rydde er det ingen tvil om. Når den synlege plasten blir fjerna frå naturen, gjer vi det automatisk enklare for fuglar og dyr og overleve nok ein vår. Frå 29. april til 5. mai er det strandryddeveka, og laurdag 4. mai er den nordiske strandryddedagen. Ein rekkje organisasjonar, bedrifter og privatpersonar engasjerer seg i ryddinga, og du kan vere med! Hold Norge Rent https://holdnorgerent.no/ er ei ideell foreining som arbeider mot forsøpling. På Ryddeportalen deira kan du finne ein ryddeaksjon i nærleiken av deg, eller opprette ein ny aksjon. Her finn du også gode tips om utstyr og avfallshandtering, i tillegg til skjema for å registrere funn etter ryddinga.

Bli med du også, og ha ein god strandryddedag! Sjølv om 5. mai er over, er det berre å halde fram med å halde fokus, forebygge og rydde!