Svimmel av gode tips om mat? I flaumen av råd om kva som er sunt ber klinisk ernæringsfysiolog Ragnhild Lekven Filmreite deg om å stola på dei solide forskingsbaserte råda. Her skriv ho om å endra vanar og korleis regelmessige måltid kan vera ein god start for dei fleste av oss.

Veit du at Helsebiblioteket har oppdatert informasjon om ernæring?

Frå helsebiblioteket.no finn du til dømes dei tolv grunnleggande kostråda frå Helsedirektoratet.

Det viktigaste først

Er du ein av dei som kun et når du er svolten? Då kan det vera lurt å ta ein ekstra titt her. Erfaring viser at dei som et etter impulsmetoden, altså utelukkande etter svoltkjensla, ofte et meir tilfeldig og usunt enn dei som har faste og regelmessige måltid.

Når måltid og måltidsrytmen er på plass, vil det vere lettare å kutta ut snop og velja sunnare matvarer. Med faste måltid vil dei fleste oppleva fordelar som forenklar vidare kostendringar. Å hoppa over eller utsetta måltid endar ofte med større søtsug, ukontrollert matinntak, samt større og meir usunne måltid seinare på dagen.

Fordelar med regelmessige måltid:

Portrett av Ragnhild Lekven Fimreite

Artikkelforfattaren er klinisk ernæringsfysiolog og driv nettstaden ernæringsfysiolog.no
Foto: Mindaugas studio
  • Mindre irritabilitet og uro
  • Meir forutsigbare måltid
  • Betre struktur i kvardagen
  • Lettare å veta kva ein skal eta på dei ulike tidspunkta (frukost, lunsj…)
  • Enklare å oppretthalda konsentrasjon og fokus
  • Taklar betre stress og påkjenningar i kvardagen
  • Betre blodsukkerregulering/mindre søtsug
  • Betre svoltkontroll/enklare å avgrensa mengdene
  • Føler seg betre/betre humør

Når måltida er på plass, vil mange kjenna at ting går litt lettare på kostsida, og tida kan vera inne for å sjå nærare på kva mat ein skal velja og sjølve samansetninga av måltida. Her er det fleire måtar å gå fram på. For dei som har helsemessige utfordringar eller plager, kan det vera lurt å ta kontakt med ein klinisk ernæringsfysiolog for rettleiing i kosten.

Uansett utgangspunkt vil dei fleste ha god nytte av dei tolv grunnleggande kostråda frå Helsedirektoratet.

Difor er det tungt

Ein kjem ikkje unna at mat er sterkt forbunde med tradisjonar, kultur, helsetilstand, smakspreferansar, prioriteringar, humør og ikkje minst kjensler og vanar. Dette er forhold som sit djupt i oss, og som pregar oss som menneske og dei vala vi tek. Når ein snakkar om å byrja å leva sunnare, handlar det nesten alltid om å endra vanar og velja annleis.

Dette er enklare sagt enn gjort. Kvar einaste vane vi har, er nedfelt som spor i nervesystemet, nesten som skispor. Dess eldre vane, dess djupare spor i nervesystemet.  Vi veit at det kan vera tungt å laga nye skispor. Slik er det også med nye vanar. Hjernen er plastisk og formeleg med ei unik evne til å laga nye nervebanar eller spor. Tru ikkje at det er enkelt av den grunn, i alle fall ikkje i byrjinga. Trøysta er at du blir flinkare dess fleire gonger du gjer eller trenar på noko nytt. Dette gjeld alt, inkludert matematikk, fotball, bilkøyring, balansekunst, turgåing og sjølvsagt nye matvanar.

La oss berre setje i gang! På den måten aukar sjansen for at motivasjonen eller andre gode opplevingar etter kvart kan hjelpa oss inn i nye vanar eller spor.

Et godt!

Helsebiblioteket.no gir gratis tilgang til oppslagsverk, rettleiingar, oppsummert forsking og andre kunnskapsressursar. Ressursane er primært for helsepersonell, men også for andre som ønskjer kvalitetssikra og forskingsbasert informasjon.

På helsebiblioteket.no finn du til dømes kostråda frå Helsedirektoratet og anna informasjon som er laga for deg og meg, under kategorien Pasientinformasjon.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar (cookies). Om du held fram å navigere på nettstaden, så godtek du vilkåra for bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvern

The cookie settings on this website are set to "allow cookies" to give you the best browsing experience possible. If you continue to use this website without changing your cookie settings or you click "Accept" below then you are consenting to this.

Close