Om du likar bingo, lesing, langvarige konsept og er mellom 16 og 150 år, er bokbingo definitivt noko for deg.

Sleng deg på og last ned bingoskjema her!

Les bøker som høver i skjema og skriv tittelen i den aktuelle ruta. Same bok/tittel kan berre nyttast ein gong. Kvar vassrette eller loddrette linje gjev 1 lodd i trekninga. Fullt brett gjev 10 lodd!

Me trekk ut 10 vinnarar som får flakslodd, snop og boknett. Innleveringsfrist er 1. juni 2019

LUKKE TIL!