Biblioteksøk finn du på bibsok.no

Nasjonalbiblioteket står bak den nye tenesta. Alle folkebiblioteka, dei fleste fagbiblioteka (alle universitet og høgskular) og også bibliotek på mange vidaregåande skular er med i Biblioteksøk.

Når Biblioteksøk skal finne ei bok, vil det først leite i hentebiblioteket du har valt. Har ikkje dette biblioteket boka, vil Biblioteksøk gå til næraste neste bibliotek. Finst boka der, vil boka bli sendt til hentebiblioteket ditt. På den måten vil Biblioteksøk sørge for at bøker som blir bestilte frå andre bibliotek, får kortaste og mest mogleg effektive reiseveg.

Finst ikkje boka på hentebiblioteket ditt, kan det gå om lag ei veke før du kan hente boka på biblioteket.

Vi har lagt til Biblioteksøk som eit fjerde søk øvst på denne sida. Søket er i ei testfase, og vi set pris på om du gir oss tilbakemeldingar om det ikkje fungerer som forventa.

Ta kontakt med det lokale biblioteket eller bibsok@nb.no om du har spørsmål eller innspel.


Denne artikkelen er henta frå Hordaland fylkesbibliotek