Logg inn på Sommarles.no og bli med på denne spennande lesekampanjen. Sommarles 2018 starta 1. juni. Det vert lesing, poeng, spel, oppgåver, kule premiar og lesetips for mange!

Sommarles 2018

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta i Sommarles (inkl. dei som skal byrja i 1. til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).

Barna vert løna for innsatsen både med digitale trofé på profilen sin på nettsida og med kule fysiske premiar. Alle får minst éin premie, dersom ein berre kjem i gang og les ei bok i sommar. Men barna vert oppmoda til å lesa meir, og det er lesinga som er det viktigaste.

Alle kan vera med: superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar… men òg dei som treng litt hjelp eller er i ferd med å læra seg lesa (då kan barna bli lesne for eller høyra på lydbøker).

Lesekampanjen er i utgangspunktet nettbasert, dvs barna registrerer bøker dei les, får lesetips, får tilgang til ei spesialskrive fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve på nettsida (og kan få ekstrapoeng ved å svara på spørsmål knytt til denne). Sommarles er gøy! Kvar veke får ein eit kodeord for å kunne lesa neste kapittel i forteljinga. Dersom det lokale biblioteket er stengt nokre veker i sommar, kan ein få kodeordet på biblioteket si side på Facebook, eller ved å kontakta eit anna bibliotek.

– Har ein ikkje nett tilgjengeleg, kan ein likevel delta. Då er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med dette.

– Kampanjen er utvikla av biblioteka i Vestfold, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. Ta kontakt med det lokale biblioteket ditt dersom du lurer på noko meir om kampanjen i kommunen der du bur.

Sjå også http://www.sommarles.no/

Bilete av logo

Logo Sommarles


Denne artikkelen er henta frå Voss bibliotek